Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar på studieførebuande

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Elev i vgs

Ønskjer du fag som skulen din ikkje har? Her finn du oversikt over programfag du kan ta som nettundervisning.

På desse måtane kan du få generell studiekompetanse:

  • Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram + Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse
  • Vg1, Vg2 og Vg3 på Naturbruk (studieførebuande)
  • Dersom du ønskjer yrkeskompetanse, til dømes eit fagbrev, bør du gjere det først. Dei som gjer det får rett til å ta påbygging til studiekompetanse i tillegg etterpå.
  • Vg1 og Vg2 i eit yrkesfagleg utdanningsprogram + lærling i bedrift (eller vg3 i skule) + Vg4 påbygging til generell studiekompetanse.

Les meir om studiekompetanse på vilbli.no

Enkelte studier krev spesiell studiekompetanse. Det vil seie at det er nokre krav i tillegg til generell studiekompetanse.

Krava kan vere ekstra fag, eller eit karakterkrav i eit gitt fag. På samordnaopptak.no er det gitt ein kravkode for kvart enkelt studie. Er koden GENS, er det ingen spesifikke fagkrav. Står det noko anna enn GENS, bør du klikke på koden og lese om tilleggskravet til studiet. Det er dette tilleggskravet som blir kalla spesiell studiekompetanse.

Fagkravet kan enten vere ein del av vitnemålet ditt, eller det kan vere fag du har tatt før.  

Fag for studieførebuande programområde

Når det gjeld nettbasert opplæring i språk- og programfag har vi fleire fag:

Programfag ved Nettskulen skuleåret 2023 -24

Fag Fagkode Årstimetal
Fransk nivå III PSP5800 140
Informasjonsteknologi 2 REA3049 140
Japansk nivå II PSP5852 140
Kinesisk nivå III PSP5866 140
Matematikk R2 REA3058 140
Psykologi 2 SAM3073 140
Spansk nivå III PSP5830 140
Tysk nivå III PSP5842 140


Kombinerte programfag med noko undervisning på nett og noko på skule 

Fag Fagkode Årstimetal
Fysikk 1 REA3038 84 på nett
56 på skule

Fysikk 2 REA3039

84 på nett
56 på skule

Kjemi 2 REA3046

84 på nett
56 på skule

 

Korleis søkje?

Ønskjer du å ta språk- eller programfag på nettskulen må du først snakke med rådgjevar eller avdelingsleiar på skulen din. Skulen vil så melde deg på faget.

Lurer du på vegen vidare etter studieførebuande?
Les meir på vilbli.no eller på Utdanning.no