Hopp til hovedinnhold

Psykologi 1

Psykologi 1 som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen. 

Tidspunkt for nettundervisning 

Fellesundervisning: Tysdag kl. 13-15 

Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14-17 

Undervisninga er obligatorisk for alle elevar. 

Gruppeundervisninga varer i ein time. Dvs. du deltar torsdag enten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtaler eleven med lærar ved oppstart. 

Undervisning og gjennomføring av prøvar 

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av Zoom (Virtuelt klasserom), ulike verktøy i til dømes It`s learning, Teams Microsoft 365 eller Google Workspace (G Suite for Education), og ved hjelp av digitale læringsressursar. 

Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må vere aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. 

Kven kan søke? 

  • Elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Vestland 
  • Vg1-elevar skuleåret 2022-23 ved skular i Vestland fylkeskommune. Elevar ved vg2-yrkesfag som skal gå påbygg skuleåret 2023-24. 
  • Tilbodet er ikkje ope for privatistar. 

Viktig! 

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats. 
  • Det er oppmøteplikt i faget. 
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett. 

 

Læreplan og faginformasjon: 
Psykologi 1 (SAM3072)