Tilrettelagt opplæring

Elev som ikkje føl ordinær undervisning

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Generell studiekompetanse til elevar som ikkje kan følgje ordinær undervising

Dette nettstudiet er eit tilbod til elevar som av somatiske helsegrunnar ikkje kan følgje ordinær studieførebuande opplæring.   

All undervisning er på nett, men det er enkelte fellessamlingar der elevane blir invitert inn på skulen.

Det er Fyllingsdalen skule som er leverandør av studiet, og du kan lese meir om dette tilbodet på nettsida til Fyllingsdalen videregående skole.

For å bli vurdert til nettstudiet må PPT må gjere ei sakkyndig vurdering. Du finn meir info om PPT på vestlandfylke.no.

Programfag

Vg 1 Norsk 168
Vg 1  Engelsk 140
Vg1 Matte 1P 140
Vg1 Samfunnskunnskap 84
Vg1 Naturfag 140

 

Vg 2 Norsk 168
Vg 2 Matte 2P 84
Vg 3 Norsk 168
Vg 3 Historie 84

Andre tilbod for unge

Vestland fylkeskommune har også skuletilbod som er individuelt tilpassa unge med andre psykiske vanskar eller andre utfordringar.

Les meir om desse skuletilboda:  
Avdeling Kyrre på Bergen katedralskole  
 
Valekrossen avdeling på KVinnherad vidaregåande skule