Hopp til hovedinnhold

Om nettskulen

I nettskulen får du digital undervisning av godt kvalifiserte lærarar

God utdanning skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad, livssituasjon og individuelle ønskjer. Difor har vi no starta opp Nettskulen i Vestland.

Nettskulen i Vestland har sitt første driftsår 2022/2023, og skulen har eigen rektor.

Vi ønskjer å utvikle undervisningsmodellar som skal ha god kvalitet og høg gjennomføring for elevgruppene.

Nettskulen vil ha eit supplerande og utfyllande fagtilbod for alle elevgrupper i fylket.

Ulik nettundervisning har vore under utprøving dei siste seks åra, og desse blir vidareført.

Kvifor nettskule?

Det er fleire grunnar til at vi no startar opp nettskulen.

  • Nettundervisning kan hjelpe til med å oppretthalde elevtalet ved mindre skular, når elevane ved desse skulane kan få høve til å velje fag som eigen skule ikkje har tilbod om.
  • Meir bruk av fjernundervisning gjer det enklare for fleire elevar å få tilgang til ei større mengde fag.
  • I fullføringsreforma blir det vist til at vidaregåande opplæring ikkje er godt nok tilpassa vaksne. Vaksne elevar har ofte behov for større fleksibilitet som gir høve til kompetanseheving over tid, og på tidspunkt som passar den enkelte.
  • Skulen blir organisert på ein meir desentralisert måte, og dei vidaregåande skulane vil vere leverandørar av fag og opplæring.

Fag

Det vil vere moglege å få opplæring i fleire språk. Elevar og vaksne får tilgang til fleire språk og kan kommunisere med personar som har det aktuelle framandspråket som morsmål.

Det vil også vere tilbod om enkelte programfag.

Meir informasjon

Vidaregåande utdanning for vaksne

Vidaregåande utdanning for elevar