Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Lærar på vaksenopplæring

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring (gjeld frå 1. august 2024). Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Nettilbod for vaksne

Du kan ta påbygg vg4 ved Eid vidaregåande skule. Dette er for dei som som er ferdige med fagbrev og ønskjer studiekompetanse.

Bergen katedralskole tilbyr nettbasert opplæring i faga som gir generell studiekompetanse. Tilbodet er for deg som ikkje har vaksenrett. Les meir om tilbodet.

Nettbasert opplæring for vaksne elevar som ønskjer å bli tannhelsesekretær. Dette er eit samarbeidsprosjekt med NAV og Firda vidaregåande skule.

Meir om opplæring for vaksne

 

NYHET!

Tilbod om nettbasert vaksenopplæring i helse og oppvekstfag, skuleåret 2023 -2024.

Er du over 24 år … 

  • Manglar du formell kompetanse og har eit ønskje om å få det?
  • Er du motivert for nye utfordringar og har eit ønskje om ny fagutdanning?

 

Skuleåret 2023/24 har Nettskulen Vestland opplæringstilbod for vaksne innan utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag i desse faga:

  • Helsearbeidarfag
  • Tannhelsesekretær
  • Apotekteknikk

Opplæringa vert levert av Firda vidaregåande skule. 

Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert. Ein må også rekne med nokon fysiske samlingar i løpet av skuleåret. I tillegg vil ein del av opplæringa foregå i bedrift.

 

Viktigaste av alt: opplæringa skal bygge på den kompetansen du allereie har (formell og uformell kompetanse). Du kan be om ei realkompetansevurdering når du søkjer om plass. Ei realkompetansevurdering kan vere med å tilpasse og avkorte opplæringstilbodet.

 

Vil du vite meir om tilboda? Ta konktakt med Anette Aske Sollid, tlf. 415 30 633

Treng du hjelp til å søkje? Kontakt Vestland fylkeskommune, Rettleiingstenesta  for ditt område, eller søk på https://www.vigo.no/nyvigo/vigo/adult

 

Søknadsfrist: 1.mars. For ytterlegare informasjon https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/slik-soker-du/

Lærar Jarle Haktorson underviser på nettskulen

Har du spørsmål?