Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
I Nettskulen er det mogleg å ta Vg4 Påbygging til generell studiekompetanse etter oppnådd yrkeskompetanse. Oppnådd yrkeskompetanse betyr at du har bestått fagprøven eller har gjennomført vg3-opplæring som ikkje høyrer inn under lærefaga. Dette er opplæring som fører fram til yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev.
Du kan lese meir om Yrkeskompetanse på vilbli.no.
Har du har gjennomført Vg1 og Vg2 yrkesfag, men ikkje gjennomført fagprøve må du søke Vg3 påbygg ved ein av dei ordinære skulane.
Nettskulen har per i dag ikkje tilbod om Vg3 påbygg.
Kvifor velje påbygg vg4?
Vg4 påbygg er studiet for deg som har valt eit yrkesfagleg opplæringsløp og har gjennomført og bestått , og som ønskjer å halde fram med studium på universitets- eller høgskulenivå.
Fullført vg4 påbygg gir generell studiekompetanse.
Påbygging vg4 er for deg som er motivert for eit år til på skulebenken.
Inntakskrav Vg4 etter oppnådd yrkeskompetanse
- Oppnådd yrkeskompetanse med fag- og sveinebrev
- Oppnådd yrkeskompetanse utan fag- eller sveinebrev
Fag og undervisningstimar
Årstimar | Fag | Timar i veka |
140 timar | Historie | 5 timar |
140 timar | Matematikk praktisk | 5 timar |
84 timar | Naturfag | 3 timar |
281 timar | Norsk | 10 timar |
Du finn meir informasjon om vg4 påbygg på utdanning.no
Kven kan søkje?
Har du fullført og bestått fag- og yrkesopplæringa som en del av ungdomsretten, kan du søke eitt års påbygging til generell studiekompetanse (vg4). Det same gjeld deg som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæringa innan utgangen av det året du fyller 24 år. Retten gjelder dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014 eller seinare. Praksiskandidatar og dei som ikkje har bestått alle fellesfag, jf. forskrift til opplæringslova § 3-67 tredje ledd, er ikkje omfatta av retten til Vg4 påbygging til generell studiekompetanse.