Hopp til hovedinnhold

Fransk III som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen

Tidspunkt for nettundervisning

Fellesundervisning: Tysdag kl. 13:30-15:00 (skuleåret 2024 - 25)
Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14-17
Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.

Gruppeundervisninga varer i ein time. Dvs. du deltar torsdag anten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtaler eleven med lærar ved oppstart.

Undervisning og gjennomføring av prøvar

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av It’s Learning, Zoom (Virtuelt klasserom) og generelle skrive- og samarbeidsverktøy i Office 365 og Google (G Suite for Education).

Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må være aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. Det vil bli nokre faglege og sosiale samlingar i tillegg til undervisning på nett.

Kven kan søke?

  • Elevar ved skular i Vestland fylkeskommune på studieførebuande utdanningsprogram
  • Elevar på skular som ikkje tilbyr programfaget
  • Tilbodet er ikkje ope for privatistar.

Viktig!

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
  • Det er oppmøteplikt i faget
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett

Læreplan og faginformasjon: 
Læreplan i fremmedspråk programfag (PSP01-03).

Læreplan i Fransk III PSP5800