Hopp til hovedinnhold

Rettslære 1 som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen.

Tidspunkt for nettundervisning

Fellesundervisning: Tysdag kl. 13:30-15:00 (Gjeld frå skuleåret 2024-25)

Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14:00-17:00

Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.

Gruppeundervisninga varer i ein time. Dvs. du deltar torsdag anten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtaler eleven med lærar ved oppstart.

Undervisning og gjennomføring av prøvar

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av Zoom (Virtuelt klasserom), ulike verktøy i til dømes Its learning, Microsoft 365 eller Google Workspace (G Suite for Education), og ved hjelp av digitale læringsressursar.

Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må vere aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen blir organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken.

Kven kan søke?

  • Elevar ved fylkeskommunale vidaregåande skular i Vestland 
  • Vg1- og vg2-elevar skuleåret 2022-23 ved skular i Vestland fylkeskommune. Elevar ved vg3 Påbygg, skuleåret 2023 -24
  • Tilbodet er ikkje ope for privatistar.

Viktig!

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats.
  • Det er oppmøteplikt i faget.
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett.

Læreplan og faginformasjon:
Kompetansemål og vurdering
Rettslære 1