Hopp til hovedinnhold

Ledige plassar i programfaga

Programfag i Nettskulen Vestland

Ta eit programfag på nett – og utvid moglegheitene dine!

Er du elev ved ein vidaregåande skule i Vestland og ønskjer å ta eit ekstra programfag? Nettskulen Vestland gir deg tilgang til eit breitt og spennande fagtilbod – uansett kvar skulen din ligg.

Tilbodet er ope for alle elevar på Vg2, Vg3 studieførebuande og Vg3 påbygg ved fylkeskommunen sine vidaregåande skular.

For skuleåret 2026–2027 er det framleis ledige plassar i desse faga:

  • Samfunnsøkonomi 1 (SAM3060)
  • Samfunnsøkonomi 2 (SAM3061)
  • Fransk 3 (PSP5800)
  • Tysk 3 (PSP5842)
  • Japansk 1 (PSP5850)
  • Kinesisk 1 (PSP5866)
  • Informasjonsteknologi 2 (REA3049)

Kvifor ikkje prøve noko heilt nytt i år? Japansk og kinesisk er spanande språk med stor verdi i ei stadig meir globalisert verd. Å lære eit austasiatisk språk skil seg ut på CV-en og gir deg eit unikt innblikk i to av verdas mest innverknadsrike kulturar.

Søk i dag – plassane er avgrensa!

Les meir om programfag ved Nettskulen Vestland på denne sida:
Programfag ved Nettskulen skuleåret 2026 -27