Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Lærar på vaksenopplæring

Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.

Nettilbod for vaksne

Du kan ta påbygg vg4 i Nettskulen ved Eid vidaregåande skule.
Dette er eit tilbod for deg som som er ferdige med fagbrev og ønskjer studiekompetanse.

Bergen katedralskole og Fusa vgs tilbyr nettbasert opplæring i enkelt fag som gir generell studiekompetanse. 

Informasjon om opplæring fram mot generell studiekompetanse for vaksne:

- VO-tilbod i Nettskulen Vestland / Fusa vgs
- VO-tilbod i Nettskulen Vestland / Bergen katedralskole

Informasjon og oversikt over opplæringstilbod for vaksne finn du på:
Vestland fylkeskommune sine nettsider om vaksenopplæring

Tilbod om nettbasert vaksenopplæring i helse og oppvekstfag, skuleåret 2026 -2027.

Er du over 19 år … 

 

  • Manglar du formell kompetanse og har eit ønskje om å få det?
  • Er du motivert for nye utfordringar og har eit ønskje om ny fagutdanning?

 

Skuleåret 2026/27 har Nettskulen Vestland opplæringstilbod for vaksne innan utdanningsprogram for Helse- og oppvekstfag. Firda vgs leverer undervisninga i desse faga for Nettskulen. Du finn meir informasjon om dei ulike tilboda på linkane under:

 

Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert. Ein må også rekne med nokon fysiske samlingar i løpet av skuleåret. I tillegg er ein del av opplæringa i bedrift, dette varierar noko mellom dei ulike faga. For modulstrukurert opplæring er opplæring i bedrift hovudarena for opplæringa. 

Viktigaste av alt: opplæringa skal bygge på den kompetansen du allereie har (formell og uformell kompetanse). Du kan be om ei realkompetansevurdering  når du søkjer om plass. Ei realkompetansevurdering kan vere med å tilpasse og avkorte opplæringstilbodet.

 

Vil du vite meir om tilboda? Ta konktakt med Anette Aske Sollid, tlf. 415 30 633

Treng du hjelp til å søkje? Kontakt Vestland fylkeskommune, Rettleiingstenesta  for ditt område, eller søk på https://www.vigo.no/nyvigo/vigo/adult

 

Søknadsfrist 
Det er løpande opptak, og du kan søkje opplæring heile året. Dersom du ønskjer oppstart i august, tilrår vi at du sender inn søknad innan 1. mars.
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/slik-soker-du/

Lærar Jarle Haktorson underviser på nettskulen

Har du spørsmål?