Hopp til hovedinnhold

Om nettskulen

I nettskulen får du digital undervisning av godt kvalifiserte lærarar

God utdanning skal vere tilgjengeleg for alle uavhengig av bustad, livssituasjon og individuelle ønskjer. Difor har vi no starta opp Nettskulen i Vestland.

Nettskulen Vestland tilbyr fleksibel vidaregåande opplæring for unge og vaksne. Opplæringa er i digitale klasserom med nettbasert læring og opplæring både unge og vaksne.

Kvifor nettskule?

Det er fleire grunnar til at det i Vestland fylke er ein eigen nettskule:

  • Nettundervisning kan hjelpe til med å oppretthalde elevtalet ved mindre skular, når elevane ved desse skulane kan få høve til å velje fag som eigen skule ikkje har tilbod om.
  • Meir bruk av fjernundervisning gjer det enklare for fleire elevar å få tilgang til ei større mengde fag.
  • I fullføringsreforma blir det vist til at vidaregåande opplæring ikkje er godt nok tilpassa vaksne. Vaksne elevar har ofte behov for større fleksibilitet som gir høve til kompetanseheving over tid, og på tidspunkt som passar den enkelte.
  • Skulen blir organisert på ein meir desentralisert måte, og dei vidaregåande skulane vil vere leverandørar av fag og opplæring.

Fag

Det vil vere moglege å få opplæring i fleire språk. Elevar og vaksne får tilgang til fleire språk og kan kommunisere med personar som har det aktuelle framandspråket som morsmål.

Nettskulen  har mange opplæringstilbod for ulike elev og deltakargruppe:

Programfag Programfag for elevar på studiespesialiserande og vg3 påbygg
Vakseopplæring Fag og opplæring som er spesielt tilpassa deg som er over 19 år.
Påbygg vg4 Påbygg for deg som ønskjer studiekompetanse medan du er i lære, eller etter endt læretid.
Fellesfag for lærlingar Fellesfag for deg som har full opplæring i bedrift.
Tilrettelagt opplæring Fagtilbod for elevar som ikkje kan følgje ordinær undervising


Meir informasjon

Vidaregåande utdanning for vaksne

Vidaregåande utdanning for elevar